Arendalsuka 2017

Tusen takk til Pascale Coutanceau, Nina Morlandstø og Marie Rørvik som organiserte og gjennomførte arrangementer i regi av IVK Norge under årets Arendalsuka! :-)

Her finner du bilder og tekst som ble publisert på vår Facebookside.

Arendalsuka 1

Skyldfri sone.

Vel ti menneske møtte til å læra konfliktløysing ved hjelp av eit spel. Stor interesse frå alle frammøtte. Vi hadde ein gut på 10 og leiar frå ein stor statsinstitusjon. Positiv respons frå alle. Kva kan vi ikkje få gjort på to timar!

 

Nina 2 Nina 1

Fredag under Arendalsuka hadde Nina Morlandstø 1 time om sinne og behov. Ein deltakar tok imot invitasjonen til å prøva ut ein konflikt på «Dansegolvet». Ho viste, med motet sitt i eit så ope arrangement, å visa dei andre kor transformerande IVK kan vera.

 

Pascale og Nina

Program 2, fredag under Arendalsuka. Pascale og Nina i samtale om å få brukt våre potensiale. Dei fleste frå Nina sitt opplegg timen tidlegare, blei verande til dette programmet og nokon nye kom. Vel 20 til saman. Vi opplevde stor interesse og deltaking frå dei som kom. Tett og engasjert energi.

 

Alle tre

Vel blåst! Tre godt fornøgde damer pustar ut på Lindveske kafe etter fredagens seansar. Alle er motiverte for å ha reprise på årets opplegg neste år. Då ønskjer vi betre annonsering. Vi har og stort ønskje om at fleire frå IVK Norge deltar, noko vi har godt håp om. Eg skulle og ønskje at vi har eigen stand. I så fall må vi vera tidleg ute å bestilla, for Arendalsuka blir større og større. Til venstre: Nina Morlandstø, i midten: Pascale Coutenceau, til høgre: Marie Rørvik.

Foto og tekst: Marie Rørvik