Samling på Notodden høsten 2012

Av Marie Rørvik

Dette skulle bli ei annleis halvårssamling i IVK Norge enn dei vi har hatt i det siste med innleigd sertifisert trenar og kurs. Styret trong pause frå dei store arrangementa, som har kravd mykje arbeid. Dessutan ville vi gjerne ha eit arrangement der vi kunne samlast meir uformelt og bli betre kjende med kvarandre. Vi var spente på responsen frå medlemmene.

Vi håpte på ca. 15 deltakarar og 16 blei det, dei fleste deltok heile helga, og alderen strakte seg frå eitt år til eit stykke over seksti….

Tidleg i planlegginga valde vi den tidlegare turistforeiningshytta, Breidsethytta, som no er eigd av Geir Sørlie Torgersen og med namnet Frisjelen. Geir ønskjer å bidra til at menneske skal finna ein fri, fredeleg og kreativ stad i seg sjølv, og inviterer difor til opphald for prisar som dei fleste kan leva med.

Ikkje berre prisen var gledeleg. Vi verdsette det meste: Verten viste seg som ein altmogelegmann. Bilreparasjon var noko av det første han gjekk laus på. Han kokte, vaska, informerte om staden og eigen livshistorie, spelte didjeridoo, og jammen var det visst nokon som fekk ei helande økt under varme hender. Kontakten mellom vert og gjester varma.
Vi har alt avtalt reprise september neste år.

  • Styret starta opphaldet med eit møte med Kjell Arne Langseth frå Norges Røde Kors. Han informerte om det omfattande IVK-arbeidet dei gjer. No skal dei ut i landet med prosjektet Dialog og konflikthandtering. Instruktørar skal få eit 16 timars kurs. Deltakarane får ei innføring i eit stramt spikra opplegg på 3 timar. I tillegg skal alle i Røde-Kors-organisasjonen få innføring i IVK.

 

  • Fredag kveld hadde vi ei lita bli-kjend-runde og opna for at deltakarane kunne komma med ønskje for helga. Programmet blei som oppsett:

 

  • Nysertifiserte Anniken Poulsson Beer og Ida Rump tok oss med på to Robert Gonzales-øvingar: Transforming pain to the Beauty of Needs og parvis meditasjon over Beauty of needs. Anniken Poulsson Beer har 70 dagar med sertifiserte IVKtrenarar. Ho er no sertifisert IVK-trenar sjølv. Deltar på Robert Gonzales sitt EuroLIFE-program 2012-13. Totalt 28 dagar http://livingcompassion.org. Ho er styrar i barnehage og leiar eit 3-årig prosjekt med opplæring av 230 barnehagetilsette i Vestby kommune. Har tidligare leia liknande prosjekt i Ski kommune. Er gift og har tre barn. Har halde IVK-kurs dei siste 4 åra.

 

  • Ida Rump: har hatt over 100 dager med sertifisert IVK-trener. Av desse 42 dager med Robert Gonzales bl.a. i Euro LIFE. Ho arbeider som privatpraktiserende psykomotorisk fysioterapeut i Sogn og Fjordane. Er opprinneleg fra Danmark. Vi er godt i gang med å byggja solid kompetanse i Noreg.

 

  • Bjarte, som er leiar i IVK Norge, og som også har fleire titals undervisningsdagar med sertifiserte trenarar, tok oss gjennom ei økt der vi fekk informasjon om kva livsenergi kan vera. Han innleia til ei øving, der vi gjennom ein meditativ tur mediterte over korleis vi betre kan komma i kontakt med og leva det livet vi ønskjer.

 

  • Anniken delte også sine erfaringar med ivk-arbeid i barnehagar i Østfold.

 

  • Helga samla dei sju som var igjen til siste slutt søndag til ei varmande økt om å verdsetja kvarandre utan vurdering og kategorisering. Ho er styremedlem i IVK Norge, og har, som oss andre i styret, hatt mange undervisningsdagar dei siste 5-6 åra.

 

  • Begge morgonane innleia Ida med musikk til meditasjon og refleksjon.

 

  • Eit viktig mål med helga for styret var å samlast om kva skal vi i IVK Norge skal fokusere på i 2013. Hovudinteressa viste seg å vera barn, oppvekst og familiar. Det blir fokus for vårsamlinga 2013. Ei gruppe ønskjer å arbeida med at vi deltar på den store alternativmessa i Lillestrøm november 2013.

 

  • Sosialt samvær og medbrakt sanghefte akkompagnert av Knut Erik Tornaas.

 

  • På sirkelmøtet vart Ida gjenvalt som kasserar for 2 år.

 

  • Det blei ei helg med læring og kos. Formelle og uformelle samtalar i ringen, rundt bord, på tur og framfor peisen gav ei helg til glede og inspirasjon. Vi anar at det kan bli fullt hus neste haust, og det betyr maks 25 deltakarar…..