Samling på Sørmarka høsten 2011

Av Marie Rørvik

Program:
Fredag:
 Besøk i Rosenlund barnehage, der 12 personar var med, og Introduksjon ved kurshaldar og sertifisert trenar Gitte Kjær-Westermann, med 15 deltakarar.

Lørdag: IVK på arbeidsplassen. 25 deltakarar. Sirkelmøte i IVK Norge med 9 medlemmer og 2 observatørar til stade.

Søndag: Korleis oppnå kontakt med og gi rom til ”ditt indre barn”. 23 deltakarar.

Måndag: Skriftlig formidling av IVK. 11 deltakarar.

Mine tankar om samlinga fjorten dagar seinare
For det første kjenner eg glede ved at IVK Norge er oppe og går. Denne samlinga har gitt meg tryggleik for at vi er mange nok som trur på og vil halda fram med dette arbeidet. På sirkelmøtet vart Helga Ekehaug vald inn i styret som representant for Nordic Baltic Circle, Kristin Scharffscher vart vald til webmaster for 2 år, og Elin Enger Mollestad tilbaud seg å arbeide med facebooksida vår; IVK Norge. Dei andre i styret er Bjarte Bjørsvik, Ida Rump og Marie Rørvik.

IVK i barnehagar
Først vil eg retta ei stor takk til Rosenlund barnehage for at vi fekk komma, og for den energien dei tilsette, som vi kom i kontakt med, viste. Saman med klåre uttrykk for målretta arbeid, viste dei slik glede og entusiasme. Frå dei tilsette kjem det signal om at arbeidet er blitt meir meiningsfullt, og at kjennskapen til IVK har overføringsverdi til privatlivet. Eg vil elles vise til eiga side om IVK I BARNEHAGAR.

Introduksjon
Det har blitt ein tradisjon at vi held ein introduksjon til IVK fredag, slik at deltakarar, som er nye for IVK, kan delta med større utbytte på hovudkursa. Eg finn det framleis nyttig å vera med på desse introduksjonane. Etter kvart vil fleire av oss ut og halda kurs, og då kan det komma godt med å ha møtt fleire sertifiserte trenarar sin måte å introdusera IVK på. Gitte vel alltid ei form der ho tilpassar seg den gruppa ho skal undervisa vidare.

IVK på arbeidsplassen
Dei siste gongene har vi hatt eit tema, som er retta utover mot vår kontakt med andre, og eit tema der vi arbeider meir med våre indre prosessar. Denne gongen var det først IVK på arbeidsplassen. Korleis taklar vi at vi blir utfordra på at vi er ulike? Korleis tar vi IVK med oss ut i møte med andre, enten det er på jobben eller i organisasjonslivet/politikken? Korleis vera IVK i ei ikkje-ivk-verd, spør Gitte.
Som vanleg innleia Gitte med å spørja deltakarane om våre forventningar, kva vi tenkjer at IVK kan bidra med på arbeidsplassen og korleis. Ho kom og inn på nyare hjerneforsking og viste kvifor IVK fungerer godt. Ho spør: Kan IVK brukast på arbeidsplassen når IVK handlar om mellommenneskelege relasjonar? Går det an med empati på arbeidsplassen? Ho svarar: Vi kan hela kvarandre litt i staden for å smerta kvarandre litt kvar gong vi møtes. Kontakt fins i mange lag.

Gitte understrekar at IVK er kraftfullt, og at det er viktig at vi forstår organisasjonen før vi tar IVK inn i den. Mi innstilling og intensjon er viktig. Anbefalingar; Å vera audmjuk, nysgjerrig overfor det som utfordrar oss, vera merksam på språk og terminologi, å vera bevisst om korleis eg brukar dei 4 trinna.
Vi øvde oss på gi feedback på ein måte som er lettare for andre å høyre og ta imot og finne læring feedback vi ikkje finn konstruktiv. I det heile var kurset spekka med øvingar av ulikt slag.
Vi var og innom typiske konfliktar på arbeidsplassen og korleis dei kan handterast. IVK kan støtte arbeidsplassen i å løyse konfliktar eller utfordringar ved å spørja inn til behov før strategiar. Nøkkelen er her som andre stader: Kontakt på behovsnivå, sidan vi har behova felles er dei gjenkjennelege hos alle, medan strategiane for å få behov møtt kan vera ulike. Det er lettare å finna felles strategiar når vi har kontakt på behovsplanet.

Det indre barnet
Gitte støtta seg til boka ”Som å komme hjem” av John Bradshaw i dette arbeidet. I tillegg støtta ho seg til kunnskap om mindfulness; om å kunna vera til stade her og no med heile oss og vår livshistorie. Det indre barnet kan vera uttrykk for opplevingar vi har hatt i barndommen, som ikkje har blitt møtt med aksept, følelsar som ikkje har fått komma til uttrykk, og dermed blitt lagra i minnet som såre punkt eller livstraume. Det kan føra til negative tankar og destruktive trussetningar om oss sjølve. Dette kan føra til at vi reagerer irrasjonelt når vi blir trigga på våre såre punkt.
Med IVK – og gjerne ved hjelp av Bridget Belgrave & Gina Lawrie sine ”dansegolv”, kan vi transformere våre ”kjerneulvar” og forvandle det håplause til håp. Vi hadde gå-meditasjon, gruppearbeid med deling og dansegolv, som Gitte leia i plenum.

Vi fekk arbeide med både våre mørke og lyse sider. Gittes inspirasjon til dette var barneboka ”Mørkebarnet og lysbarnet”. Å hela det såra indre barnet og gi slepp på livstraumer handlar og om å kunna vera til stader her og no. Det ligg heling i å leva i noet, vera til stade og finna aksept av det som er og kunna romma det, også når behova mine ikkje blir oppfylte akkurat no.

Skrivekurset
Her blei vi utfordra på og fekk rettleiing i kvar våre ulike ønskje om kor vi ville presentera IVK skriftleg – og munnleg.

Vi fekk og tankevekkande spørsmål rundt innhaldet i og forma på og tendensane i den offentlege debatten, samt eit lite innblikk i demokratiets problem.

Fleire vart inspirerte til vidare samarbeid om dette med å formidle IVK i samfunnet.