Sjakalen er der livsenergien er fanga

Eg har lenge vore oppteken av livsenergi og bevisstheit. No har eg nett vore på kurs med Robert Gonzales på det vakre klosteret St. Georgen sør i Austerrike. Ønsket mitt var djupare forståing av menneskeleg eksistens og livsenergi, og korleis livsenergien lever gjennom dei grunnleggjande behova våre.
Robert er psykoterapeut. Arbeidet hans baserer seg på Marshall B Rosenberg sin livsfilosofi og metode, som blir kalla Ikkjevaldskommunikasjon (IVK). Nokon fører Marshall sitt arbeid vidare med vekt på ulike felt som mekling eller utdanning. Gonzales har søkt ei djupare forståing av korleis dei ulike laga av grunnleggjande behov lever i oss. Gjennom mange års arbeid og erfaring har han funne ein veg til å komma i djup kontakt med desse, som han ser som kvalitetar av essens i oss. Han presenterer dette ikkje som absolutt sanning, men mi erfaring er no at vi kan få hjelp til å komma nærmare vår eiga sanning. Han tilbyr dette til dei som ønskjer eit djupare dykk i IVK gjennom 3-4-dagars kurs og vidare i program som går over to år. Det vi fekk på kurset i Austerrike var ein smakebit av toårsprogrammet.

Eg vil prøva å gi eit lite inntrykk av fire dagar med djupe kjensler og nye innsikter. Kanskje ser dei ikkje nye ut for deg no. Kanskje verkar det svært velkjent, og kanskje oppdagar du nokon nye nyansar idet eg skriv. Eg trur at gjennom prosessane med levande kontakt og utveksling fører spiralar av innsikt oss djupare og djupare til essensen i oss, noko vi ikkje kan lesa oss til. Eg vil likevel prøva å formidla noko eg fann av verdi og med litt andre ord og formuleringar enn eg har høyrt det før.

Robert Gonzales har vore i kontakt med mange menneske som har prøvd mykje, men framleis blir lett trigga av hendingar i livet og kan ha vanskeleg å komma ut av reaksjonane. Vi kan bli låste i vonde følelsar og tankespinn. Då misser vi kontakten til essensen i oss og den dynamiske flyten av liv.Robert vil bidra til å hjelpe oss til å forstå kvifor vi opplever slik indre splitting og korleis vi kan komma tilbake til heilskap og indre fred. Ulike dimensjonar av indre liv, slik han ser det, lever i dynamisk samspel heile tida. Kjernen er essensen av vår sanne natur. Når vi erfarer det fullt, har det spesielle karakteristika: Flyt, lettheit, kreativitet, skjønnheit som stråler. Det er kvalitetar som er der frå naturen. Vi er naturleg kreative. Det er der alltid, det er ikkje noko vi treng å streva for, men det er hindringar vi treng å gi slepp på.

Det er ein kvalitet han legg særleg vekt på, og det er kvaliteten av uskuld. Det har ikkje med kvaliteten skuldig eller uskuldig å gjera, som har med handling å gjera, men ei open, ikkjedømande haldning. Denne kvaliteten ser vi lettast hos barn. Undring. Også dyr har denne kvaliteten av uskuld. Når eg ser uskuld, opnar det alltid hjarta mitt, seier Robert. Saman med den føl også nysgjerrigheit, som ikkje har med intellektuelle prosessar å gjera. Det er fridom frå den delen av hjernen som «veit» og som bringar «kunnskap» inn i noet. Gjennom prosessane ønskjer han å kultivere nysgjerrigheit og uskuld. Han ønskjer å hjelpe oss til å opna oss for denne kvaliteten i kontakten med oss sjølv og kvarandre.

Augneblink av uskuld er lette å famna. Robert har erfart meir og meir at det er mogeleg å komma tilbake til ein stad i oss der vi kan møta livet frå det rommet, uansett kva som skjer. Kan eg nærma meg deg med den undringa? Kan eg nærma meg meg sjølv med den undringa? Det er ikkje ei intellektuell øving. Vi treng å gi slepp på det vi veit frå før om oss sjølv og andre. Det som trengs er at vi ser kvarandre med nye, friske auge, for vi har fått blikket sløra gjennom erfaringar og smerte.

Kor lett eller vanskeleg vi opplever livet kan handla om våre indre rom og kor mykje vi kan ta imot av det som skjer i oss og rundt oss med eit ope og nysgjerrig blikk. Kor mykje vi klarar å leva med avheng av kor stort og fleksibelt det indre rommet er. Klarar vi å skapa store nok rom i oss sjølv til å ta imot det som lever i oss og det andre uttrykkjer – uansett kva? Er det mogeleg å ekspandera til vilkårslaus kjærleik? Kurset med Robert viser oss vegar til større medvit, aksept og ekspansjon av indre rom. Dei formene for livsenergi vi alle har i oss og som har blitt fanga i «kulturen», kan bli sett fri og vi kan leva meir frå det totale av våre vesen. Vi kan leva meir sant.

I ein dominanskultur er det fare for at romma våre kan utvikla seg til å bli tronge, kritiske og fryktdominerte. Vi utviklar ein indre sjakal i form av redde, vurderande og dømande stemmer. Vi har mindre kultur for å utvikla store og varme indre rom, sidan fokus er på tryggleik, intellektuell informasjon og materiell overflod. Det fangar livsenergien vår i smerte og framandgjering. På kurs IVK lærer vi at vi menneske, uavhengig av kultur og kjønn, ber på mykje av same smerten og dei same tankegodsa – og dei same lengtane. Fellesskap og openheit hjelper oss til empati og heling. Det hjelper oss til å utvikle sjiraffen i oss. Sjiraffen representerer kontakten til essensen i følelsar og behov og evna til å uttrykkja dei gjennom empati.

I tusenvis av år har mennesket meir eller mindre måtta kjempa mot andre levande vesen og naturkrefter for å overleva. Vi har lært å kjempa mot fienden for å forsvara oss. Kanskje har det vore naudsynt å herda sinnet til å tåla motgang og naud. Det treng vi ikkje i same grad lenger. Derfor har vi no sjansen til å visa meir omtanke for dei store potensiala vi har i oss til å leva meir aktivt skapande heller enn gjennom frykt og beskyttelse. Vi har ein fysiologi og ein hjerne som treng aksept og støtte for å kunna utvikla seg fullt ut. Robert snakkar om den energetiske essensen vår, kvalitetane i oss som kan skapa eit mangfald av liv, slik at vi kan leva fullt ut det vakre i våre aspekt av det å vere til. Det fysiske, psykiske og andelege lever i samspel i oss, og behova er nøkkelen. Følelsane er stemmegaffelen. Målet kan vera å realisera potensiala våre i harmoni og meiningsfylde.

Vi menneske har utvikla ei sterk evne til å tenkja abstrakt. Denne evna har gjort oss nesten uovervinnelege, men den har og titt oss eit våpen som kan skapa avstand til både oss sjølve og kvarandre. Med dette har vi lært å ta i vare behovet for fysisk tryggleik. Samstundes ser det ut til at vi har fjerna oss frå vår empatiske natur og med det kontakten til ein djupare livsenergi. Behova våre er dørstokken til sjela, seier Robert, og sjela er essensen vår. Han reiser jorda rund for å hjelpa folk med å komma meir tilbake til desse livgivande energiane. Gjennom Ikkjevaldskommunikasjon og hans djupe innsikt og tilnærming får vi hjelp til å fri oss frå vanemessig og instinktive reaksjonsmønster og til djupare kontakt med essensen vår. Vi lærer å arbeide med korleis behova lever i oss. Vi lærer og kva «sanningar» og trussystem vi lever med, og som fangar livsenergien vår. Vi lærer i praksis kva som kan transformera smerte til indre fylde, glede og fred.

For å forklara korleis sjakalen kan uttrykkja seg der livsenergien er fanga, vil eg nytta eit døme frå kurset. Han som gjekk gjennom prosessen eg fortel om, var glad for å kunna bidra gjennom sin historie, så det er med hans samtykke eg deler dette. Eg kallar han Edvard. Hans historie viser det mange av oss kan kjenna att frå eige liv, og det viser korleis vi kan transformere tanke- og reaksjonsmønstra våre og dermed lære å fungere på måtar som opnar for djupare kontakt til liv.

Edvard har ein son som er to år gammal. Ein dag skal bestefar ta sonen med i dyreparken. «Du får berre vera med om du oppfører deg fint,» sa bestefar. Han gir uttrykk for ei tru som seier at trugsmål kan skapa tryggleik i framtida. Han antar og at toåringen vil forstå kva han meiner med å oppføra seg fint. Han har neppe lært at behova uttrykkjer seg i noet og ut frå deira indre dynamikk idet som skjer. For å kunna oppføra seg «fint», tenkjer eg guten treng å bli sett og møtt for det han har behov for under vegs, som behova for kontakt, tryggleik og støtte på turen.
Sinne og ei djup sorg steig opp i Edvard då han høyrde bestefar sitt uttrykk. Han ville så gjerne at kontakten mellom barn og bestefar skulle vera tufta på glede og tryggleik heller enn trugsmål og frykt. Truleg ønskte bestefar med utsagne å leggja eit grunnlag for ei hyggeleg oppleving med barnebarnet. Bestefar hadde ikkje lært at alt vi gjer er uttrykk for møtte eller ikkje møtte behov, og at «dårleg» oppførsel er uttrykk for at barnet treng noko det ikkje kan gi uttrykk for verbalt.

Ved eit anna høve sat guten og bestefar og såg i ei bok saman. Guten var heilt oppslukt. Bestefar var i si verd og peikte på bileta og sa: «Hest. Hund.» Edvard høyrde bestefar som kynisk. Han kunne ikkje sjå samspel eller kontakt mellom guten og bestefar. «Respekt er så viktig for meg når det gjeld barn,» sa Edvard. «Han har så lyst til å vise at han er ein super bestefar, og så anar han ikkje korleis han skal gjere det.» Edvard får opp sterke kjensler når han deler dette, både sorg og sinne. Sjakaltankar om bestefar får lov til å komma til uttrykk. Robert oppmodar oss om å famna om desse tankane, for det er i dei livsenergien er låst. Finn vi nøkkelen, kan vi låsa opp, og nøkkelen ligg i empati, det vil sei kontakt til den levande energien i behova bak tankemønstra.
Vi har lært å klara oss materielt, men vi har mindre lærdom om korleis vi skal skapa kontakt til kvarandre. Måten bestefar opptrer på overfor guten skapar ikkje kontakt. Edvard går gjennom ei sorg når han i prosessen kallar opp minna frå dei smertefulle hendingane mellom son og bestefar. Han har så stor kjærleik til sonen. Han ser at bestefar vil så godt, men så endar det opp i så mykje «skit».
«Eg anar at du har medkjensle for bestefaren,» seier Robert. «Måten han prøver å vise si omsorg på, stimulerer smerte i deg. Kan du halda både smerten din og kjærleiken til son din i deg samstundes? Eg anar at du strekkjer hjarta ditt til å halda alt.» «Eg ønskjer å gjera det, og det rører meg sterkt,» svarar Edvard, «men det er så vanskeleg å rekkja ut til han.» «Kan du klara å inkludera han no,» spør Robert etter ei stund. Edvard bekreftar dette med eit ja.
Opplevinga av mangel er det tanken som står for, seier Robert. Går vi til djupna, til kvaliteten i det vi lengtar etter, kan vi føle lengten og smerten på same tid. Liding er når fokuset er på det som manglar. Edvard opplevde først i øvinga ein mangel når han hadde dømande tankar om bestefar. Vi blir triste berre når det er noko som er kostbart for oss som vi saknar og lengtar etter, og det er noko vakkert i den kvaliteten. Gjennom å sørgje kan vi restaurere heilskapen i oss, hevdar Robert. Det er noko vakkert i saknet. Set vi fokus på det vi manglar, kan vi reagera med kritikk og sinne. Det låser livsenergien. Vi kan komma til å velja handlingar som ytterlegare låser livsenergi, skapar konflikt og meir smerte.

Det kan ta tid å oppdaga kva som er kvaliteten i mangel-tenking og kva som er kvaliteten i det vi lengtar etter. Korleis har du det om du er åleine og saknar kontakt til nokon? Kva lever i deg av tankar om løysingar eller manglande utsikt til løysing? Korleis kjennes det i kroppen? Om du flyttar fokuset til kvaliteten i behovet for kontakt, kva skjer i kroppen då? Kvaliteten i behova ligg der som potensiale. Det er mange måtar å manifestera behovet på. Når vi låser oss til bestemte løysingar eller strategiar, kan det opplevast som mangel om vi ikkje får behovet møtt.

Edvard sakna respektfull haldning frå bestefar overfor sonen, og det skapte sorg når han fekk kontakt til den lengselen. Gjennom å sørgja ved hjelp av Robert si støtte, kunne han sjå bestefar sitt behov for omtanke og kontakt og samstundes hald kontakt til eigne behov for respekt. Edvard opna opp for eit større rom inni seg, for ei djupare sanning og for heling. I denne prosessen erfarte Edvard ei utviding av livsenergien sin. Han kom forbi dei dømande tankane som skapte smerte, og han fekk ein slags indre fred. Også takksemd steig opp i han ved å erfara denne hjarteekspansjonen.

Roberts merknader til prosessen: I vårt indre kan vi skape større og større rom til å ta imot oss sjølv og andre. Ingen teknikk kan vekkja empati, det er det hjarta som kan. Intellektuelle distinksjonar er ein veg å prøva å kommunisera det på. Sinnet prøver å laga meining av noko det ikkje kan laga meining av. Med dette forstår eg at meininga ligg i livsenergien til behova. Behovsenergien går gjennom kroppen, og det er i kroppen vi kan merka den, ikkje i tankane. Tankane kan vera reiskap på vegen. Vi kan kjenna behov for aksept, og merka i kroppen når det behovet ikkje blir møtt. Vi har gjerne ei kunstig oppdeling av behov. Det er viktig å la oss flyte i og forbinde oss til eit dynamisk heile. Vi kan erfare ein straum av ulike dynamiske kvalitetar av livsenergi. I ein augneblink kan det vera kvile og i neste eit behov for å høyra til. Ideen om at berre eitt behov meleder seg om gongen, skapar blokkering. Dei lever meir eller mindre sterkt i samspel frå augneblink til augneblink.

Vi kan ha lett for å tenkja i retning av kva som er rett eller feil, kva vi bør og ikkje bør. Om Edvard tenkjer at bestefar bør kunna oppføra seg respektfullt, blir han verande i avstand og smerte. I øvinga til Edvard kom han til noko djupare og fekk transformert sjakaltankane om bestefar til omtanke og varme. Han fekk djup kontakt til sitt eige behov for at guten skal ha det godt, og han såg det vakre i bestefar sitt behov for kontakt med guten. Han kom forbi den dømande tankestraumen – sjakalen i seg – og til det vakre i alle sine behov. «Det er eit rom bak rett og feil, og eg vil møte deg der,» siterte Robert frå sufi-meisteren Rumi. Det er eit nesten tusen år gammalt sitat. Enno strevar vi med å møte kvarandre på staden bak rett og feil. Gjennom strategiar som her er representert ved bestefar, har sinna våre blitt programmerte til å bruke kontroll og makt heller enn å surfe med livsenergiane til kvarandre. Til det trengs at vi kjenner følelsane og behova våre. Mange av oss treng trening for å merka dei og for å kunna vera nysgjerrig spørjande heller enn tolkande og dømande.
Gjennom kulturen har vi lært mange strategiar for å verne om oss sjølv. Ved å undertrykkja følelsar og behov tilpassar vi oss det vi trur er andre sine forventningar til oss. Vi vil så gjerne høyra til. Det er vanleg at vi blir vurderte aksepterte for det vi gjer og korleis vi ser ut. Underkasting eller opprør er kjende konsekvensar av sosialt press. Typisk konsekvens er sjølvkritikk. Den ligg i dei indre dialogane vi har lært oss. «Eg er ikkje god nok utan at eg gjer….», «Eg er ikkje verdifull.» Andre kastar dommar og krav vidare på andre når noko kjennes ubehageleg. «Du burde vita betre!» «Kan du aldri oppføra deg?» Begge deler skapar samantrekking og stress.

Mykje av liva våre blir konstruert ut frå såra i oss. Det gjer vi for å høyra til og for å kjenna oss trygge. «Det tragiske er at indre tryggleik ikkje kan komma frå andre,» seier Robert. Det skjer når det ikkje er spesifikke forventningar til korleis kontakten skal vera, og når vi kan møta kvarandre med open nysgjerrigheit for kva som rører seg i den andre – bak trussystema.

Om behov er møtt eller ikkje kan vi lettast registrera med å kontakte kroppen og merka etter om den er i samantrekking eller avspenning. Når vi skapar avhengigheit til strategi og utkomme låser livsenergien seg. Når vi har ei open haldning, kan vi bli i flyt. Gjennom langvarig praksis kan vi hele såra. Vi kan endre mønstra både kognitivt og energetisk. Det kan hjelpa oss til å engasjera oss meir i livet enn i å beskytta oss. Kvaliteten i beskyttelse er ein heilt annan enn kvaliteten i openheit.

Når vi blir meir medvitne, kan vi bli meir kjend med det som skjer inni oss. Merkar eg ein energi som vil beskytta meg, kan eg anerkjenne det som er. Eg kan og prøve å finne kva behov som blir trigga i situasjonen. Energien kan då vendast frå samantrekking til avspenning. Med det får eg og sjansen til å velja kva eg vil gjera. Vil eg handla med forsvar eller med sårbarheit? Andre sitt forsvar kan aktiveremitt forsvar. Din sjakal leikar med min. Slik hemmar vi kvarandre i fri flyt av livsutfalding. . Kan eg ver open overfor ein som er redd og aggressiv? Den einaste løysinga er empati- til oss sjølv og andre. Slik kan vi komma ut av sjakalen sitt fangenskap og saman skapa meir dynamiske og gledesfylte liv.

Mitt reisefølgje og eg reiste via Salzburg. Vi stoppa der tre dagar på heimveg, noko som gav endå meir næring til sjel og intellekt. Byen viser oss nokon av ytterpunkta av mennesket si historie og vesen. På ein topp i byen ragar Hohensalzburg Fortress. Dette svære byggverket har gitt rom for fyrstar og biskoppar, fangar og kunstnarar. No for tida strøymer turistar opp og ned dei bratte vegane, og innimellom er der seminar for kunstnarar og konsertar. Nede i byen er det eit fargerikt liv med shopping, restaurantverksemd – og Mozart. I Salzburg kjem vi på eit relativt lite areal tett på mangfald av menneskelege aktivitet og potensiale. Her har menneske sloss, beskytta seg og skapt stor kunst. På rekkverket som går over ei av bruene glitrar hengelåsar i alle fargar. Dei uttrykkjer folks ønske om varig kjærleik til ein partnar. Med bevisstheit kan vi velja kor vi vil burka vår eiga livskraft. Kva verdiar vil vi vera med på å kultivera- krigaren eller skaparen?

Når vi opnar opp for det indre, ser vi at det er mykje meir vi har felles enn det som skil oss. Takk til Robert Gonzales og alle kursdeltakarane som støtta meg eit lite skritt på vegen mot større indre fridom, og takk for at eg fekk eit glimt av andre si livsreise.

Marie Rørvik